Før du kjøper kvalp

Det er mykje som er nytt og spennande når ein får seg kvalp for første gong, for både kvalp og eigar!

La oss sei at du har greidd kome deg gjennom jungelen av rasevalg, har funne oppdretter med kull, og er klar for å hente heim det nye familiemedlemmet. Kor mykje kan egentlig gå feil med ein gong?

Kvalpen likar ikkje å køyre bil

Køyreturen heim til familien er vanlegvis det første ein gjer, når kvalpen reiser frå sine kjente og plutselig har blitt din.  Sjølv kvalpar som har vore på biltur med oppdrettar kan bli stressa/redde/bilsjuke, og turen heim kan bli slitsom. Vær førebudd på hyppige stopp, og ta med ein person som kan fokusere på kvalpen medan de køyrer. 

Alt er nytt

Hugs at kvalpen din nettopp har forlatt alt den kjenner. Den har reist frå mor og søsken, og tryggheten fra kjent miljø, kjente lukter og mennesker. Gi den tid til å bli vant til alt det nye, og bli trygg i dei nye omgivnadane. Det kan være store kontrastar, så fokuser på å la kvalpen bli kjent i sitt tempo. Du har valgt kvalpen, den aner ikkje kvar den er!

Bli kjent med familien

La kvalpen bli kjent med familien og den nye heimen sin først. Særleg i aktive barnefamiliar kan kvalpen trenge litt ekstra tid, det skjer noko heile tida og er gjerne mykje fart og lyd. Pass på at kvalpen ikkje blir mykje løfta og herja med av verken ungar eller vaksne. 

Den første natta

Den første natta, og nettene, kan du gjerne sove med kvalpen. I kvalpekassa sov kvalpen saman med mor og søsken – og overgangen til ny heim, ny familie og å plutseleg skulle vere aleine om natta kan bli brå. Ligg gjerne på ei madrass på golvet der du vil kvalpen skal være etterkvart som den blir større, om du ikkje vil ha den i senga. Når du søv med kvalpen vert den rolegare om natta. Det vil og vere lettare å få med seg når den må ut på do.
Har du fått med eit teppe frå oppdrettar med kjent lukt, så la kvalpen sove med dette og.

Reinslighet

Kvalpane har ikkje kontroll på blæra, sånn er det berre. Medan dei er små må dei på do både titt og ofte. Dei første dagane er det vanlegvis mest trening for den nye familien å komme inn i rytmen på kor ofte det skjer – og å hugse å gå ut med kvalpen ofte nok. Tørk opp og vær kjappare ut neste gong.

Mat

Sannsynligvis har du enten fått med fôr frå oppdrettaren din, eller fått vite kva kvalpen er vant til å ete. Det er ikkje alltid dei er like ivrige i matfatet med ein gong dei kjem i nytt hus, men det går seg vanlegvis greit til etterkvart. Gi fleire måltider pr dag, og fjern etter ei stund om den ikkje et opp – så har du kontroll på kor mykje den faktisk får i seg. 
Tenker du å skifte fôr så gjer det gjerne litt gradvis, brå fôrskifter kan gi dårlig mage.

 

 

 

 

Furuhaugli

Perfekt utgangspunkt for ferie med hund

Canis Bergen

Ein slags hundeblogg

Mest hund litt foto.

Canis Bergen

Favorittar

Sponsor

Altsomerfint

Utforsk